SYKKELTYVENE Se trailer

SYKKELTYVENE

Regi:
Vittorio de Sica
Lengde:
1t 29m
År:
1948
Originaltittel:
Ladri di biciclette
Medvirkende:
Lamberto Maggiorani, Enzo Staiola, Lianella Carell, Gino Saltamerenda, Vittorio Antonucci
Land:
Italia
Språk:
Italiensk, engelsk tekst
Tilhører tema:
Tromsø Filmklubb

Kvifor har dette tidsportrettet av etterkrigstidas fattigdom og elende blitt ståande, med si historie om ein far og ein son?

SYKKELTYVENE tek oss med til Roma i etterkrigstida, der den unge familiefaren Antonio Ricci får seg arbeid etter to år som arbeidslaus. Han får jobb som plakatoppklistrar, og må ta turen til pantelånaren for å hente ut sykkelen sin i bytte mot familiens lintøy. Meir lukkeleg enn på årevis er han første dag på jobb oppteken med å henge opp filmplakatar med Rita Hayworth, då sykkelen hans blir stolen. Ingen sykkel betyr ingen jobb for Antonio, og saman med sonen Bruno byrjar jakta på tjuven og sykkelen, som blir eit bilete på sjølve lukka som dei søker etter.

Denne skildringa av sosial naud, kontrastar mellom rik og fattig, politisk maktesløyse og einskildmenneska i dette har nærast vore i kontinuerleg distribusjon sidan utgjevinga i 1948. Kvifor har dette tidsportrettet av etterkrigstidas fattigdom og elende blitt ståande, med si historie om ein far og ein son? Svaret ligg kanskje i skodespelarane. Regissør De Sica insisterte på å nytte amatørskodespelarar for å gjere filmen meir realistisk; til dømes fant han tilfeldigvis den perfekte guten til å spela Bruno i ei gruppe med tilskodarar. Filmen er av same årsak spela inn i eit autentisk miljø.

Kristin Sve

Trivia:De Sica fekk tilbod om finansieringshjelp frå ein produsent dersom han lét Cary Grant spele rolla som Antonio, men avslo. Scena der Bruno nesten vart påkøyrd var ikkje planlagt; det kom tilfeldigvis nokre bilar mens dei filma.

Medlemskap og billetter til filmklubbens visninger kjøpes i døra.

Tidligere visninger:

  • lørdag 19.11.16 Kl. 15:00